mandag 1. september 2008

Endeleg i gang med Naturfagstudiet.

I mitt rette element.



No er eg i gang med tredje året her på HSH og har gledd meg til dette heile sommaren. dette er eg klar for:)


Hardangerviddas landemerke:

Hårteigen.


Me starta studiet med å reisa på eksursjon til Haukeli. Slik fekk me meir innsyn i geologi og fjelløkologi og slik planter og vekster som veks i fjellheimen. Samstundes fekk me ei innføring i korleis landskapet har vorte danna millionar av år tilbake i tid. Me har fått konkretisert, opplevd og sett med eigne auge. Dette er kjekt å ta med seg ut i skulen , aktivitetar som er røyndomsnære og verkelege for elevane. " Ein må gripe for å begripe"

Grunnfjell er jordas urfjell, dette vart danna for 1.3 miliardar år sidan. oppe på Haukeli kunne me sjå dette i steintypen Gneiss, dette er ein hard steintype og er restar frå urfjellet
Gneiss er ein sterkt omdanna bergart. Denne bergarten inneheld mineral som kvarts, feltspat og glimmer, og er den mest vanlege bergarten i Noreg. Sterkt trykk har i somme tilfelle ordna minerala i skilde band; slik gneis kallar vi bandgneis. Dette er eit kjenneteikn på denne bergarten , striper av andre mineral.
Heile dette området( landet) var dekka av hav for 600-450 mill år sidan . Dei to Store kontinenta Grønnland og Europa kolliderte saman og slik vart store grunnfjellsplater skyve inn over havbotnen. Dette er hardt fjell som vart skyve inn over nyare bergartar. Dette kan me sjå tydeleg når me ser Hårteigen som er eit av landemerka på Hardangervidda og stammar frå det som kallast Jotundekket. Den har ei karakteristisk form og består av grunnfjell.




























Me har fått sett nyare steintypar som Fylitt, dette er leire som er pressa saman ved stort trykk og som høyrer til skyvedekket og er ein lausare og meir porøs bergart. Det er lettare å trekka ut næringstoff for plantene. Dette såg me tydeleg då me var oppe ved Trollnup, der kunne me tydeleg sjå dette skyvedekket som ligg under grunnfjellet men som altså består av nyare bergartar. samstudes fann me vekstar som reinrose og rødsildre som er kravstore til kalk og mineral. dei \vaks inne i mellom sprekkene i fylittsteinane.

Flora i fjellet.
Kalk er forutsetningen for ein rikare flora i fjellet

Me lærte at det var i dei lause fylittsteins områda det var rikast for mineral og der vaks dei vekstane som var kravstore til kalk,mellom anna Reinrose og rødsildre.Desse vert då kalla indikatorplanter.

Me har og jobba med ruteanalyse og belteanalyse av vegetasjon, for å sjå skilnader på ulike vekstområde av fjellheimen.


























Reinrose

Me har fått sett på snøleie og elveleie i Elveleiet såg me at elva har snodd seg mange vegar og lagt igjen masse slik at det til slutt har danna ei elveslette ( det var tørt og fint og grønt, dekka av museøyre). Elveløpet som elva har på slike områder har ofte store svingar og vert kalla meandermønster. Slike elveløp er i stadig endring, elva har størst fart i yttersvingane og hentar masse der som den legg i frå seg i innersvingane der den har lågare fart.I tillegg kan elva ta snarvegar og kutte svingane dersom vasstanden er høg og hastigheita stor , det vert då danna kroksjøar.















Snøleie er skråningar der snøen ligg svært lenge før den tiner vekk. her jobba me oss oppover meter for meter og analyserte kva som vaks i den einskilde skråninga. Ei slik skråning har ulike namn etter kor langt opp ein er . Øverst kallast det rabb,der er det vind og snøen forsvinn fort. Halvegs nede kallast det leside der er det jevnt med snø men den forsvinn og ganske fort når sola kjem til. Nederst vert det kalla snøleie, der ligg snøen lengst.





Søtefossen i Husedalen