Dyktige og kjekke lærarar er det og her på huset:) Denne hausten har me fokus på desse faga.: Fysikk, kjemi, biologi og humanbiologi.
Me er ein del ute og ser på planter og vekstar og inne har me hatt masse forsøk både i fysikk og kjemi.
Me skal ha innlevering av 2 mappeoppgåver i haust og me skal ut i 2 vekers praksis i veke 43.
I mappeoppgåve 1 har eg og Ragna valt å sjå på kulturlandskapet og kva sopp som indikerar dette. Det er då særleg vokssoppar me er på utkikk etter. Vokssoppar er det som me kallar beitemarksoppar, desse veks berre der som marka ikkje har vore utsett for gjødsling og der dyr beitar. Difor vert dese kalla for indikatorar. Mange av dese er raudlista, det vil seie at dei er truga av utrydding , nokre meir enn andre.
Gul vokssopp
Det viser seg at landet vårt held på å gro igjen sidan det vert mindre og mindre landbruk att i landet. I denne prosessen mistar me planter og vekstar som tidlegare vaks i desse områda, no er det ikkje lengre vekstvilkår for desse. Difor er det viktig å få kartlagt desse og slik få ei oversikt over artsmangfoldet i denne gruppa av vekstar.
Målet for oppgåva vår vert fyrst og fremst å finna ut om me har funne eit slikt kultur område eller ikkje. me skal iallefall analysera og kartleggja det me har funne i artsdatabasen.
Eg jobbar for tida på eit område på valvatne eller Vadlavatn som det heitte før i gamle dagar. her er nokre bilete frå Valvatne i gamle dagar.
Kjelde, privat .
Eg har ei formeining at me kan kalle dette området ei natureng , men det vil visa seg når resultata av funna våre vert analyserte. Det kan nok visa seg at dette området har vorte gjødsla for mange år tilbake, då er det fare på ferde for diverse artar som ikkje tåler gjødsling.
I arbeidet med oppgåva ser eg meir og meir kor viktig det er å ta vare på dette gamle kulturlandskapet vårt, dette har faktisk med vår identitet å gjere. Me er på god veg til å mista ein del av historia vår og landskapet er i stadig endring, men ikkje til det positive. Det er vel smakk om utarming av både jord og det som lever og veks i den .
Ja litt må ein la seg riva med :) Eg kjenner at dette er viktig å ta med seg vidare til andre slik at ein får eit fokus på emnet og at det vert jobba for å stansa denne utviklinga.





